Lillian Frette Litlehamar (33)
Gruppe: Ullern KFUK-KFUM-speiderne i Oslo Krets og Etne KFUK-KFUM-speidarar i Haugaland Krets.
Hvorfor ønsker du å sitte i landsstyret?
No har eg vore så heldig å få sitja ein periode i Landsstyret, og for nokre lærerike og innhaldsrike år det har vore! Det har gitt meg høve til å sjå heilskapen i forbundet, læra om, og samarbeida med, samarbeidspartnarane våre, både nasjonalt og internasjonalt. Eg har engasjert meg ned på minste nivå i gruppa som vandrarleiar og til øverste nivå på to ulike verdenskonferansar i WAGGGS og WOSM, samt alt innimellom der. Det har vore interessant og lærerikt å få fylgja prosessen med Roverway (her er eg framleis utruleg imponert!) og ser no vegen mot Speidernes landsleir. Eg er kommen godt i gong og ynskje å sitja ein periode til som viselandssjef for å vera ein samlande person i styret og bidra til den daglege drifta, dette ved hjelp av å ta med erfaringene frå gruppe-, krets-, forbund- og internasjonalt arbeid.
Hva er dine hjertesaker i speiderarbeidet?
Speiderarbeidet i seg sjølv, kva er vår identitet, og korleis ser me ut om fem år og om ti år. Korleis skal me navigera speiding i den verda me lever i no og ha ein plass der alle er inkludert, tar vare på kvarandre og lærer av kvarandre, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg vil eg styrka samarbeida me har, både nasjonalt og internasjonalt. Samt eg ser no framover inn i Friluftslivets år og gler meg veldig til det største arrangementet som skjer til sommaren, nemlig Speidernes Landsleir i Gjøvik.
Hvilken speidererfaring har du?
Eg har som mange gått speidergradene. Eg starta som meis i 1997 og har sidan det vore patruljeførar, rover og leiar. Eg har hatt nokre periodar i kretsstyret til Haugaland krets, samt eg var ansvarleg for roverarbeidet på kretsleiren i 2012 til Haugaland og kretsleirsjef på leiren til Haugaland i 2016 og eg var i Programutvalet frå dei starta i fram til eg gjekk inn i landsstyret i 2023. Elles har eg vore på WSJ2007 i England og som leiar på WSJ2011 i Sverige, samt tre gonger deltaker på Rovermoot, Kenya (2010), Canada (2013) og Island (2017).
Gå tilbake til oversikten over de som stiller til valg.
Foto: Lars Røraas