Bilde av Ingvild Berge Conradsen Gruppe: Gråkallbanen KFUK-KFUM-speidara, Trøndelag krets

Kvifor vil du stille til Landsstyret?

KFUK-KFUM-speidaren har gitt meg ufatteleg mykje, meir enn eg nokon gong kan gi tilbake, og det er viktig for meg å bidra med det eg kan i vidare utvikling av organisasjonen. Vi er inne i ei spanande tid, og eg trur at eg har mykje å bidra med i Landsstyret dei to neste åra! Eg kjenner organisasjonen godt (les om erfaringane mine nedanfor), og vil bruke kjennskapen og erfaringane mine til å sørgje for at vi arbeider på ein berekraftig, demokratisk og rettferdig måte.

Kva er dine hjartesaker i speidararbeidet?

  • KFUK-KFUM-identitet: Eg har vakse opp med sterk tilknytting til KFUK-KFUM-rørsla, og kjenner godt til ideologien og verdigrunnlaget som denne rørsla står for. Vi utviklar det heile mennesket med ånd, sjel og kropp, ved å styrke barn og unge til å tru på seg sjølv og stå opp for andre, fordi vi trur på ein Gud som har skapt oss til å vere akkurat den vi her. Dette er eit solid grunnlag for å drive speidararbeid, og eg ønskjer å utforske korleis vi kan jobbe saman med resten av KFUK-KFUM-rørsla for å styrke kvarandre i det viktige arbeidet vi gjer.
  • Samfunnsengasjement: Som speidarar spelar vi ei viktig rolle i samfunnet som bidragsytarar i å gi barn og unge trygge rammer der dei kan utvikle og utfolde seg. I ei verd prega av konflikt og uro, meinar eg at dette samfunnsansvaret er viktigare enn på lenge. I staden for å fokusere på ulikheiter og harde frontar, dannar vi gode fellesskap med fokus på respekt og forståing, og utviklar stødige leiarar som tek ansvar for andre. I denne unike leiartreninga ønskjer eg at vi også kan sette meir fokus på å gi barn og unge verktøy for å engasjere seg i samfunnet og stå opp for det dei meiner er viktig.
  • Internasjonal speiding: Ein viktig del av speidaridentiteten er den internasjonale tilhøringa vår. Gjennom eit globalt fellesskap er vi direkte knytta til menneske frå nesten alle verdas land som vi kan lære av, utvikle oss saman med, og kjempe saman med for ei betre verd. Denne tilknyttinga må vi bruke for alt det er verd!

Kva speidarerfaring har du? 

Eg har vore innom det meste av verv og stabsopplevingar som organisasjonen vår har å by på! Før eg var 18 år hadde eg vore både speidar, patruljeførar, stifinnar-leiar, roverlagsleiar, roverombodsleiar, krinsstyremedlem, og medlem av lokalkomité til Roverkongress. Etter dette har eg vore med som stab på om lag alle nasjonale vandrar- og roverarrangement i forbundet, vore leiar og styremedlem i to ulike studentspeidarlag, starta opp Studentspeidartreff, vore i sceneshowkomité på både Futura og Roverway, og vore nestleiar for Forkynning og Program til Gnist! I tillegg har eg sidan 2020 vore medlem/leiar i internasjonalt utvalg, der eg mellom anna har fått vere prosjektleiar for Ung i Norden, vore på Nordisk Speiderkonferanse, og vore delegat på verdskonferanse i både WAGGGS og WOSM. 

Elles er eg også styremedlem i KFUK-KFUM Global, og har to gongar vore «speidarsjef» på KFUK-KFUM Norge sin ungdomsfestival, Spekter.